Hopp til hovedinnhold


- Helsepersonell redde for å melde frå

Ein reknar med at ni barn under tre år døyr kvart år i Noreg som følgje av mishandling av eller omsorgssvikt frå sine næraste, skriv Helsetilsynet i sin årlege tilsynsmelding for 2009.

Ein reknar med at ni barn under tre år døyr kvart år i Noreg som følgje av mishandling av eller omsorgssvikt frå sine næraste, skriv Helsetilsynet i sin årlege tilsynsmelding for 2009 (pdf).

Helsetilsynet har erfart at helsepersonell er redde for å melde også i dei tilfella der dei har plikt til det.

Helsepersonell i Noreg har etter helsepersonellova § 33 meldeplikt til barnevernet når dei trur at barn blir utsette for vald, seksuelle overgrep, kjønnslemlesting og alvorleg omsorgssvikt. Det er fordi ein meiner at vald og overgrep mot barn vedkjem det offentlege.

Plikta byrjar å gjelde når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt. Det er ikkje eit krav at helsepersonellet må ha sikker kunnskap om tilhøva for å melde, men det må vere meir enn ein vag mistanke. Det er barnevernet som skal avklare om det er hald i mistanken. Sjølv om det viser seg at det ikkje er det, har meldaren ikkje brote teieplikta.

I Vestfold blei ein stefar dømd for å ha mishandla ein fem år gammal gut slik at han døydde. Etterforsking og tilsynssak viste at mange instansar hadde kunnskap som gjorde at dei burde ha reagert.

Også i andre tilfelle er det blitt klart at helsepersonell har vore for atterhaldne med å melde frå. Teieplikta er eit viktig prinsipp i helsetenesta; ho er sterkt lovregulert og grunnleggjande for tilliten.

Ein pasient fortalde helsepersonellet om overgrepa sine mot eit barn. Verken behandlarane eller leiinga sende melding om at dei var uroa, til barnevernet. Mannen melde seg sjølv til politiet etter å ha vore i kontakt med ein psykolog ved ein annan behandlingsinstitusjon som informerte om at ho hadde varslingsplikt.

Sjukehuset hadde ikkje peikt ut ein person med ansvar til å formidle opplysningar til barnevernet.

Statens helsetilsyn meiner at helsetenesta bør gjere eit lyft for å betre varslinga av vald mot, mishandling av og omsorgssvikt overfor barn.

Les heile tilsynsmelding 2009 her (pdf)