Hopp til hovedinnhold


Halvering av traumepasientar

- Det kalde vêret gjer at vi beveger oss mindre ute. Då blir vi utsett for færre farer, seier traumekoordinator i Helse Bergen.

- Det kalde vêret gjer at vi beveger oss mindre ute. Då blir vi utsett for færre farer, seier traumekoordinator i Helse Bergen til Bergens Tidende.

På denne tida i fjor tok Helse Bergen imot opp til 45 traumepasientar på ein månad. I januar i år var talet nede i 13 pasientar.

- Set ned farten
Ifølgje traumekoordinator ved Haukeland Universitetssykehus, Kurt Børslid Andersen, er det ei kjent sak at jo saktare folk beveger seg, jo færre personar blir alvorleg skada.

- I vinter har folk sett ned farten. Dermed blir vi tryggare, til dømes i trafikken. Det kalde vêret gjer dessutan at vi beveger oss mindre ute, og blir utsett for færre farer, seier Andersen.

Heile 65 prosent av traumepasientane i Bergen i fjor vart skada i trafikken. Etter trafikk var fallskader den vanlegaste årsaka.

Fleire beinbrot
Ambulansepersonalet i Bergen sentrum har ikkje merka den store nedgangen i talet på traumepasientar.

- Det har vi har merka er ein markant auke i talet på breinbot, seier ambulansesjåfør Jens Gløersen.

Les meir om saka i Bergens Tidende: Under halvparten så mange til traumemottak i år