Hopp til hovedinnhold


Vil heller ha beredskapsferje

Aukra vil skifte ut ambulansebåten Dr. Riiber med beredskapsferje.

Aukra vil skifte ut ambulansebåten Dr. Riiber med beredskapsferje, skriv Romsdals Budstikke.

- Vi satsar på at Aukra kan få til ei ordning der vi har ambulansebil, personell og ferje tilgjengeleg heile tida. Da må ferja ligge på Aukrasanden utanom seglingstid og vere beredskapsferje for ambulansebilen, seier ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) i Aukra.

Han meiner dette vil vere ei mykje betre og tryggare ordning for pasientar og brukarar enn den som er i dag med ambulansebåten “Dr. Riiber”.

Orienterte HF

Ordførarar, rådmenn og kommunelegane i Aukra og Midsund møtte i går leiinga i Helse Nordmøre og Romsdal HF for å diskutere aktuelle løysingar.

- Helseføretaket skal i løpet av 2010 revidere ambulanseplana. Det er i det høve Aukra kommune ønskjer eit betre tilbod enn det vi har i dag, seier Riksfjord.

Han synest det er naturleg for Aukra å krevje ei ordning med bil og personell på Gossen. Helseføretaket vil no gjere berekningar som syner alternativa med ferje og båt kostar, og gje svar på kva løysing dei vil gå for.

Legevaktordning

Mens helseføretaket har ansvaret for ambulansetenesta, er det kommunane som tek seg av legevaktsamarbeidet.

- Vi har i dag eit veldig godt legevaktsamarbeid, der også Sandøy er med. Men dette heng litt saman, ein ny ambulansetransport kan også få konsekvensar for legevaktsamarbeidet, trur Orten. Her må dei også ta omsyn til kva Sandøy meiner.

Les heile saka i Romsdals Budstikke