Hopp til hovedinnhold


Seier opp Fedje-ambulansen

Helse Bergen seier opp ambulanseavtalen på Fedje med verknad frå 1. januar neste år.

Helse Bergen seier opp ambulanseavtalen på Fedje med verknad frå 1. januar neste år. Det kjem fram av eit brev det statlege helseføretaket har send til kommunen, skriv Avisa Nordhordland.

Sidan 1. januar 2007 har Helse Bergen og Fedje hatt ein samarbeidsavtale om akuttmedisinsk beredskap, der Fedje kommune har hatt Stig Øien i arbeid som ambulansesjåfør på øya.

Avtalen hadde i utgangspunktet ein varigheit på fem år, men no vil altså Helse Bergen seia den opp.

I følgje brevet Helse Bergen- direktør Stener Kvinnsland har send Fedje kommune, har ikkje punkta som vart festa til avtalen vorte følgd opp på ein tilstrekkeleg god måte.

Dette er også grunngjevinga for kvifor avtalen no vert sagt opp.

- Regulerer ikkje forholda

- Avtalen skulle sikra at kommunen og Helse Bergen fekk ein rasjonell og koordinert innsats i dei ulike ledda i den akuttmedisinske kjeda. Den skulle også syta for at innhaldet i desse tenestene var samordna med dei andre naudsentralane, hovudredningssentral og andre myndigheiter.

- Organiseringa av dei akuttmedisinske tenestene skulle mellom anna leggast til rette slik at personellet i dei ulike tenestene fekk øva i samhandling. Avtalen tok mål av seg å regulera dette. Røynslene våre syner dessverre likevel at avtalen ikkje regulerar desse forholda, heiter det i brevet frå Helse Bergen.

Tent med oppseiing

I brevet vert det også peika på at Helse Bergen har merka seg at kommunen i ei intern evaluering av ambulanseordninga hausten 2009 mellom anna ytra ønskje om å få til ein langsiktig avtale som sikrar eit tenestetilbod for meir enn berre nokre få år om gangen.

- Slik vi ser det er difor både Fedje kommune og Helse Bergen tent med oppseiing av avtalen.

- På bakgrunn av dette føreslår vi at representantar for kommunen og Helse Bergen møtast tidleg i 2010 for å drøfta korleis ein betre kan sikra ein rasjonell og koordinert innsats i dei ulike ledda i den akuttmedisinske kjeda, heiter det i brevet.

Les heile saka i Avisa Nordhordland