Hopp til hovedinnhold


Fleire mista jobben på grunn av medikamentsvinn

I 2008 mista 37 autorisasjonen på grunn av rusmisbruk. Det er ei dobling frå året før.

I 2008 mista 37 autorisasjonen på grunn av rusmisbruk. Det er ei dobling frå året før, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Les og: Ambulansetilsett mista autorisasjonen

- Det er ikkje kultur for å ta dette temaet opp i helsevesenet, seier Hilde Nicolaisen.

Då ho arbeidde som sjukepleiar rusa ho seg ved å stele medisin frå sjukehuset der ho arbeidde.

Nulltoleranse

For medikamentsvinn ved norske sjukehus fører kvart år til at helsepersonell mister arbeidet og autorisasjonen sin. I fleire av sakene ligg det personelege tragediar bak.

Helsevesenet har svært strenge reglar for medikamenthandtering. Men likevel klarte heile 63 personar som arbeidde i helsevesenet å stele medisin i 2008.

- Det er eit svært alvorleg problem som vi har nulltoleranse for. Men det har vore eit problem så lenge eg har arbeidd i helsevesenet, seier fagdirektør Hans Johan Breidablikk i Helse Førde.

63 mista autorisasjonen

Tal frå helsetilsynet viser at 63 helsearbeidarar miste autorisasjonen i heile landet i 2008, 37 av desse på grunn av rusmisbruk.
Året før miste 17 helsearbeidarar autorisasjonen på grunn av rus. Altså vel ei dobling på eit år.

Hilde Nicolaisen arbeider no i rusmisbrukarane sin interesseorganisasjon, RIO og ho har fått tilbake autorisasjonen sin.

Vanskeleg å unngå

Breidablikk seier det er vanskeleg å unngå at nokon misbruker stillinga si.

- Vi må prøve å unngå at helsepersonell tek medikament og i verste fall rusar seg på dei.

Neste fredag vert det derfor arrangert eit seminar med medikamentsvinn som tema på sentralsjukehuset.

- Målet med seminaret er å diskutere problemet og å kome fram til ein sikrare måte å handtere medikament på. Det ligg mange forslag regionalt på ei rekkje tiltak som kan setjast i verk. Nokre av desse er svært kostbare og vil ta lang tid å innføre. Men det er tiltak som vi kan setje inn om ikkje så lenge, seier Breidablikk.

Les heile saka på NRK