Hopp til hovedinnhold


Haukeland med på å oppgradere ambulanseyrket

Dei første Paramedicstudentane frå Betanien diakonale høgskole er i praksis på Haukeland universitetssjukehus. Målet med utdanninga er å styrke kompetansen hos ambulansepersonell.

Dei første Paramedicstudentane frå Betanien diakonale høgskole er i praksis på Haukeland universitetssjukehus. Målet med utdanninga er å styrke kompetansen hos ambulansepersonell, skriv Helse Bergen på si nettside.

Ambulanseyrket er i rask og omfattande endring. Det som tidlegare var ei rein transportteneste, er i dag ei avansert og spesialisert teneste ved ulykker, akutt sjukdom og forverring av kronisk sjukdom.

Sikre nasjonal kompetanse
For å sikre den nasjonale kompetansen anbefalte Sosial- og helsedirektoratet i 2007 at vidareutdanning for ambulansepersonell burde bli formalisert og vere studiepoenggivande. Året etter starta Betanien diakonale høgskole, i samarbeid med Høgskolen i Lillehammer, Nasjonal Paramedicutdanning for ambulansepersonell.

– Ei felles utdanning på høgskolenivå er eit viktig tiltak for å oppgradere ambulanseyrket i forhold til dei nye kompetansekrava, og samstundes tilføre yrkesgruppa ei høgare akademisk utdanning, seier Astrid Forstrønen, høgskolelektor ved Betanien diakonale høgskole.

– Nasjonal Paramedicutdanning er ei vidareutdanning for faglært ambulansepersonell og er skreddarsydd for ambulansepersonell i Noreg, forklarar Forstrønen vidare.

Fagplanen er utarbeida i samarbeid med Akuttmedisinsk seksjon ved Haukeland. Leiar for Akuttmedisinsk seksjon, Guttorm Brattebø, er ikkje i tvil om betydinga av å praktisere utanfor ambulansane;

– På denne måten blir Paramedicane meir kjent med sjukehuset kor dei mest alvorleg sjuke eller skadde pasientane blir behandla.

I praksis
– Den kvite uniforma henger uvanleg løyst i forhold til ambulanseuniforma, seier Arne Peder Johansen medan han samanliknar dei to arbeidsantrekka.

Etter tjue år som ambulansearbeidar virka det spennande å vidareutdanna seg, og det har ikkje vore mangel på aha-opplevingar i løpet av praksisperioda på Haukeland. Johansen er ikkje i tvil om at det er eit stort fagleg behov for utdanning ut over grunnutdanninga til ambulansepersonell.

–  Det er stor variasjon på kva folk kan. Paramedicutdanninga er svært lærerik, ein får masse trening og ein kan reflektere over ting på ein heilt annan måte. Eg har allereie lært mykje nytt, til tross for at eg har jobba i bransjen i tjue år.

Berre den siste veka har Johnsen vore plassert på fleire avdelingar både i Sentralblokka og på Kvinneklinikken. I tillegg til meir kunnskap, har praksisperioda i helseføretaket og vore med på å gi betre sjølvtillit.

– Ambulansepersonell skal være i stand til å handle rasjonelt og vite kor langt eigne kunnskapar og kvalifikasjonar strekk til. Med åtte vekers praksis er eg mykje tryggare på meg sjølv og mine ferdigheiter. Alle helseforetak burde satse på å vidareutdanne folka sine.

Les heile saka på Helse Bergens nettside