Hopp til hovedinnhold


Akuttsekk på avvege

– Me forstår ikkje kva som har skjedd. Me ber publikum om hjelp, og håpar sekken vert funnen.

– Me forstår ikkje kva som har skjedd. Me ber publikum om hjelp, og håpar sekken vert funnen, skriv Sunnhordland.

Funksjonsleiar for ambulansetenesta på Stord, Lars Gunnar Nilsen, ber fortvila om hjelp frå stordabuen.

Måndag kveld like før klokka 2300 var ambulansehelikopteret på oppdrag på Stord sjukehus. Då det kom til Bergen var akuttsekken søkk borte.

– Den såkalla akuttsekken vart brukt på sjukehuset, og seinare har ingen sett han. Me har leita og leita i heile området, og forstår ikkje kor den er blitt av, forklarar Nilsen. Difor går han no ut og ber stordabuen om hjelp.

– Sekken inneheld viktig akuttutstyr, og det er berre éin slik i helikopteret. Det er viktig å streka under at det er ingen medisinar i sekken, berre medisinsk utstyr. Det er verdt kring 60.000 kroner, seier Nilsen.

– Viss nokon skulle finna han, må dei ta kontakt med Stord sjukehus eller Stord lensmannskontor, oppmodar Lars Gunnar Nilsen.


Les heile saka og sjå bilete i Sunnhordland