Hopp til hovedinnhold


Høyanger får ambulansefaglinja

Etter lange og harde diskusjonar mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet i går kveld og i natt er det klart at Høyanger mest truleg får ambulansefaglinja i Sogn og Fjordane.

Etter lange og harde diskusjonar mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet i går kveld og i natt er det klart at Høyanger mest truleg får ambulansefaglinja i fylket, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Kampen om linja har stått mellom den vidaregåande skulen i Høyanger og i Stryn.

LES OG: Ny ambulanseutdanning kan bli lagt ned

- Kombinasjonen med helsefag var eit tungt moment, ettersom det er fleire fag der ein kan kombinere. Men det er eit krav at det skal halde høg kvalitet. Vi ønskte ei heil transportfaglinje i Høyanger. Hadde vi hatt ressursar, skulle vi gjerne hatt tilboda begge plassar, seier Jenny Følling i Senterpartiet.

- Redd for rekrutteringa

Om forslaget vert vedteke i det fylkeskommunale opplæringsutvalet, skal Stryn få ein heil klasse i transportfag.

Lillian Moss, anestesisjukepleiar og rådgjevar ved Eid vidaregåande skule, seier til NRK at ho er redd for kva som skjer med rekrutteringa til ambulansetenesta om linja i Stryn forsvinn.

- Dette er kompromissløysingar. Men det ligg innanfor ramma. Men vi veit ikkje kva som vil komme i justeringssaka i mars, då det er søkjarmønsteret til elevane som avgjer, seier leiar Arne Hovland i hovudutvalet for opplæring.

Saka skal opp i opplæringsutvalet i dag. Alt tyder på at avgjerda blir slik Arbeidarpartiet og Senterpartiet er samde om.

Les heile saka på NRK