Hopp til hovedinnhold


AMK varsla ikkje politiet

Politiet fekk etter eit halvt døgn tilfeldigvis kjennskap til ulukka med personskadar.– Hårreisande, seier politibetjent Olav Jakob Aase om rutinane ved akutt medisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Førde.

Politiet fekk etter eit halvt døgn tilfeldigvis kjennskap til ulukka med personskadar.– Hårreisande, seier politibetjent Olav Jakob Aase om rutinane ved akutt medisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Førde.

Måndag morgon køyrde ein personbil ut i Ovridsvatnet ved Fosse på Vikafjellet. Mor og dotter vart sende med ambulanse til Haukeland Universitetssjukehus.

Rykte

– Ein glipp kunne vore dekkjande for at me ikkje var varsla, men denne ulukka er nytt døme på rutinesvikt, seier Olav Jakob Aase.

Politiet vart informert gjennom den lokale ryktebørsen måndag kveld, eit halvt døgn etter at ulukka skjedde på Vikafjellet.

I går morgon var Olav Jakob Aase på ulukkesstaden for å sikra bilete av ulukkespunktet.

– Me opplevde tilsvarande sist sommar. Ein polsk sesongarbeidar sykla utfor vegen i Arnafjord. Flaks hindra ei dødsulukke. Me vart informerte lenge etterpå, seier Aase.

Felles sentral

– Kva kan løysa problemet med at politiet ikkje blir varsla ved ulukker?

– Felles alarmsentral for alle utrykningseiningane – brann, politi og lege – ville gitt eit tett og godt samarbeid mellom einingane.

Politibetjenten meiner varslingssvikten er ekstra graverande i det som skulle vore ei trippelvarsling.

– Alle tre utrykningseiningane skulle fått alarm måndag morgon og det er så enkelt som at AMK trykkjer på ein knapp.

Då får brann, politi og lege same meldinga.

Skal varslast

Øyvind Dahle, leiar ved AMK-sentralen i Førde, stadfestar at både politi og brannvesen skal varslast ved trafikkuhell med personskade.

– Men politiet i Vik vart ikkje varsla om ulukka på Vikafjellet?

– Eg ser i loggen at det er legekontoret i Vik som har bedd oss om assistanse med å frakta ein pasient til sjukehus. Hadde 113 vore nytta på ulukkesstaden, ville situasjonen vore ein annan, og me ville varsla både brann og politi, seier Dahle.

Les heile saka i Sogn Avis