Ikkje nøgd med ambulansetenesta

Øygarden kommune er ikkje nøgd med responstida til ambulansen når noko skjer i kommunen.

ØYGARDEN: Ein rapport fortel at snitt-tida på akuttoppdrag frå Straume til Øygarden ligg på 25 minutt. I 90 prosent av akutthendingane var ambulansen framme innan 34 minutt.

Den lengste registrerte ventetida på ambulanse i Øygarden var fire timar.

I eit brev til Helse Bergen uttrykker både ordførar Olav Martin Vik og rådmann Torgeir Sæter bekymring for situasjonen, og kallar den for urovekkjande.

Det resulterte i eit møte med Helse Bergen.

Møte måndag
– Me var i eit møte med Helse Bergen måndag der me møtte Stener Kvinsland og Gunnar Brattebø. Dei er svært interessert i å få veta kva tiltak som kan gjerast betre. Så skal dei gjera kva dei kan for å betra dei, seier ordførar Olav Martin Vik til Vestnytt.

Eit av elementa ein må sjå på er kvifor det tar så lang tid før ambulansane kjem fram til målet.

– Me må òg sjå på den lokale alarmrutina vår. Det kan nok gjerast forbetringar hjå oss, seier ordføraren.

Men han medgjer at responstida på ambulansen er for lang etter at ein flytta tenesta til Straume.

– Det ein spør seg er kvifor det tek så kort tid nokon gonger og så lang tid andre gonger. Det kans sjølvsagt bety at hendinga endrar seg undervegs, seier ordføraren til Vestnytt.

Han er svært nøgd med den dialogen han har hatt med Helse Bergen og har trua på at det kan verta betre.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.