Hopp til hovedinnhold


Ambulansebåt får endelig fast plass

Det har teke nokre tiår, men frå og med denne veka får ambulansebåten fast plass i Leirvik hamn.

Det har teke nokre tiår, men frå og med denne veka får ambulansebåten fast plass i Leirvik hamn.

Les heile saka i Sunnhordland: Får endeleg fast plass


No vert eit område like sør for snøggbåtterminalen reservert for ambulanseskyss, det vil koma ein liten skjermingsvegg, i tillegg til at flytting av fendrar og anna tilrettelegging vil gjera det enklare og meir forsvarleg å få båra i land ved fjøre sjø.

– Me har ikkje lagt inntil her så mange gonger enno, men med litt justering no, så blir det kjempebra. Me ser fram til nye og betre tider, seier Martinussen.

Flyttar snøggbåt
Også hamnesjef Arvid Sandnes er nøgd.

– Dette er førebels eit prøveprosjekt, men tilbakemeldingane så langt er gode, så me håpar å få dette til å verta ei fast løysing. Tide har gått med på å flytta den eine båten som ligg til kai nokre timar kvar dag for å frigjera plass. Her vert dermed ein betre plass og ikkje minst får dei ein fast plass å leggja til, seier Sandnes. Men dette er også ein fordel for hamnevesenet.

– Me får også frigjort plass på andre sida som me kan nytta meir fritt enn før, seier Sandnes.