Hopp til hovedinnhold


Redde for å mista folk i sjøen

Ambulansebåten har ikke fast plass ved kai i Leirvik hamn, det trengs ifølge Sunnhordlands avisleder.

Ambulansebåten har ikkje fast plass ved kai i Leirvik hamn, det trengs ifølje Sunnhordlands avisleiar. 

Les leiaren i Sunnhordland: Redde for å mista folk i sjøen

Les også på NRK: Redd for å miste pasienter i sjøen

– DET ER ikkje kjekt for pasientane å koma i land på Stord, samstundes med at hurtigbåtane legg til kai, seier verneombod i Kvinnherad-ambulansen, Gunnar Myklebust, i ein kommentar knytt til den viktige ambulansebåttenesta mellom fleire stader i Sunnhordlandsbassenget og sjukehuset på Stord. Han peikar mellom anna på at ambulansebåten som går mellom Kvinnherad og Stord ikkje har fast plass ved kai i Leirvik hamn. Dermed kan det liggja andre båtar der dei plar leggja til.

HAMNESJEF 
Arvid Sandnes i Stord hamnestell seier at han ikkje ser vekk frå at det kan vera mogeleg å få til eigen kaiplass for ambulansebåten, men etterlyser på si side initiativ frå Helse Fonna.

DENNE 
debatten er slett ikkje av ny dato, og me meiner den einaste stengsla for å finna ei tenleg løysing er reint byråkrati. Ambulansebåtane, og ambulansetenesta har utvikla seg med aukande fart dei siste åra. Ein skal ikkje sjå mange år attende i tid før pasientar på båre vart "lempa" med handmakt frå båt til ambulanse på land. Det var først og fremst akutteneste det var snakk om. I dag er det eit fast tilbod, og eit tilbod det sjølvsagt må leggjast skikkeleg til rette for.

AMBULANSEBÅTANE 
er godt utstyrte, det er fast mannskap på båt, og som ambulansepersonell. Dei har ein jobb å gjera. Så kan ein sjølvsagt reisa spørsmålet om dei landgangane kunne vore betre. Det er ein bagatell. For fleire stader i distriktet er det lagt til rette for å ta i mot desse båtane. Berre ikkje i Leirvik, den sentrale hamna. Me skjønnar dei som er redde for å mista folk i sjøen, og me skjønnar at det er utriveleg å verta teken i land på båre i påsyn av reisande og nyfikne midt i sentrum. Det me ikkje skjønnar, er at det har vore så vanskeleg gjennom fleire planprosessar i Stord kommune å finna ei tenleg løysing på problemet.

DEN er enkel, og kostar ikkje all verda. Ein skikkeleg flytekai, plassert i samråd med ambulansetenesta og reservert for denne, må kunna koma på plass snarast.