Hopp til hovedinnhold


- Uakseptable forhold

Då ambulansen i Eid flytta frå meieribygget til Ålfotehuset i november 2005, blei dei lova at det berre skulle vere ei midlertidig løysing før ein ny stasjon skulle byggast. No har Helse Førde gitt beskjed om at dei må halde fram å jobbe under forhold som klinikkdirektør Anne Margrethe Øvsthus sjølv har karakterisert som uakseptable.

Då ambulansen i Eid flytta frå meieribygget til Ålfotehuset i november 2005, blei dei lova at det berre skulle vere ei midlertidig løysing før ein ny stasjon skulle byggast. No har Helse Førde gitt beskjed om at dei må halde fram å jobbe under forhold som klinikkdirektør Anne Margrethe Øvsthus sjølv har karakterisert som uakseptable.

Les hele saken i Fjordabladet: - Ein stor nedtur

No står dei tilsette ved ambulansen fram for å seie at nok er nok.

- Lovnaden om ny stasjon er grunnen til at vi har halde ut og vore optimistiske med tanke på framtida. Når det går så lang tid kan ein ikkje snakke om ei midlertidig løysing lenger. Det meste tyder på at dette er ein permanent situasjon. Vi har i alle fall ingen grunn til å tru på noko som helst før vi ser det. Dette var ein stor nedtur, seier dei.

Då ambulansen i Eid heldt til i meieriet hadde dei blant anna eigen garasje og eige kontor. No må dei klare seg utan både garasje og eige kontor.

Leiligheita som ambulansen disponerer i Ålfotehuset har ei kombinert løysing med stove/kontor på rundt 25 kvadratmeter. Eitt av dei to soveromma har inngang direkte frå stova/kontoret. Her er det så lytt til leiligheita vegg i vegg, at ein har fått fleire klager på snorking.

Garderoben er så liten at det ikkje er plass til knaggar for alle som jobbar der. Det er ingen moderne ventilasjon, noko som er eit stort problem med opp til 5-6 vaksne på jobb på same tid, spesielt i vinterhalvåret.

Leiligheita har felles toalett, der det i tillegg er fukt i taket etter ein vasslekkasje i leiligheita ovanfor.

Då Anne Margrethe Øvsthus var på besøk på ambulansestasjonen i Eid i februar i år, karakteriserte ho forholda som uakseptable.

Få månader seinare blei det klart at Helse Førde likevel ikkje ville prioritere ny stasjon.

- Vi fekk ei finansiell krise som måtte løysast, seier direktøren for kirurgisk klinikk i Helse Førde, som ambulansetenesta sorterer under.

- Stemmer det at du karakteriserte forholda som uakseptable?

- Det ser dårleg ut, ja. Vi har konkrete planar om nye lokale, og vi har sagt at vi skal ordne opp, seier Øvsthus.

- No vil det vel ta minimum fire-fem år før ein ny ambulansestasjon er på plass?

- Det har eg aldri sagt. Ambulansestasjonen er sett på vent.

- Når kan ein ny stasjon stå klar?

- Det kan eg ikkje svare på.