Hopp til hovedinnhold


Ambulansefolk skal sikre legar

Helsetenesta i Flora vil at ambulansefolk skal kunne assistere legar i utsette situasjonar.

Helsetenesta i Flora vil at ambulansefolk skal kunne assistere legar i utsette situasjonar.

Les heile saka i Firdaposten: Ambulansefolk skal sikre legar

Aktuell assistanse av ambulansemannskapet gjeld situasjonar med rusa personar, tyngre psykiatriske tilfelle og spesielle tilfelle med hjartepasientar der legen treng ekstra hjelp.

Leiar for helsetenesta i Flora, Anita Norstrand, orienterte om saka i helse og sosialutvalet denne veka.

Nettopp det å vere åleine og kjenne seg utrygg på vakt i trugande situasjonar var ein viktig grunnane til at legane på SMS, ønskte at Flora kommune slutta seg til legevaktsamarbeidet i Sunnfjord med base på sentralsjukehuset. Bystyret slo likevel fast at Flora skal ha si eiga legevakt.

Helsetenesta i Flora ønskjer å prøve ut ei ordning med tilgjengeleg ambulansemannskap i eit samarbeid med Helse Førde og AMK.