Hopp til hovedinnhold


Ordførarane saman mot ambulansekutt

Helse Førde: Ni ordførarar ser med stor uro på dei konsekvensane ambulansekutta vil medføre for innbyggjarane i kommunane.

Helse Førde: Ni ordførarar ser med stor uro på dei konsekvensane ambulansekutta vil medføre for innbyggjarane i kommunane.

Les heile saka i Firdaposten

Fylkeslegen etterlyser Helse Førdes risikovurdering

- Som kjent er dei kommunane vi representerer inne i ein avsluttande prosess om medlemskap i ei god og tenleg interkommunal legevaktordning lokalisert til Førde Sentralsjukehus. Ein viktig del av grunnlaget for å gå inn i ei interkommunal legevaktordning, er å ha ei velfungerande ambulanseteneste, peikar dei på.

For at innbyggjarane skal oppleve ei ordning med felles legevaktsentral ved Sentralsjukehuset i Førde som ei trygg ordning, er tryggheita knytt til ambulansetenesta avgjerande, meiner dei ni ordførarane.

Dei minnar om at ROS-analysene som er utarbeida i samband med det nye interkommunale legevaktsamarbeidet, som klart viser behovet for å opprette ambulansetilbodet på minimum dagens nivå.

- Vi ber med dette Helse Førde å finne løysingar som medfører at ambulansetilbodet til innbyggarane i kommunane våre ikkje vert svekka.