Hopp til hovedinnhold


Ambulanseutdanning til Høyanger

Stor mangel på ambulansepersonell i Helse Førde gjev ny utdanning i Høyanger.

Stor mangel på ambulansepersonell i Helse Førde gjev ny utdanning i Høyanger.

Les heile saka på NRKs nettside

Les også: Treng utdanna ambulansepersonell

Bakgrunn: Store ambulansekutt i vente

Det blir truleg ein ekstraklasse i ambulansefag ved Høyanger vidaregåande skule frå hausten.

Stort behov for ambulansepersonell

Helse Førde har stort behov for ambulansepersonell med fagbrev, og frå 1. april neste år blir dette eit krav. Dette er ein av grunnane til at fylkespolitikarane vil opprette fleire elevplassar.

- Vi kjem ikkje til å kome i mål med det Helse Førde treng. Vi treng tre personar per ambulanse for at det skal gå rundt, og vi har over 20 ambulansar, seier Harry Mowatt.

Vedtak måndag

Ledig kapasitet gjer at fylkespolitikarane vil utdanne ambulansepersonell på skulen i Høyanger. Samtidig er det fleire søkjarar som ikkje får plass ved utdanninga i Stryn.

Opplæringsutvalet skal vedta endringar i studietilbodet førskomande måndag. Leiar Gunvor Sunde meiner dei skal få til det tilbodet fylkesutvalet ønskjer.

- Dette er eit forslag vi tek godt i mot. Vi må berre sikre økonomien i det, og det er utfordringa vår på måndag, seier Sunde.