Hopp til hovedinnhold


Store ambulansekutt i vente

Helse Førde planlegg store kutt i ambulanseberedskapen i mange kommunar i fylket.

Helse Førde planlegg store kutt i ambulanseberedskapen i mange kommunar i fylket.

Les heile saka og sjå på den livlige debatten på NRKs nettside

Les også: Treng utdanna ambulansepersonell

Meir: Forsvaret:  - Ikkje bruk oss som argument for å redusere tilbodet

I Vågsøy og Luster forsvinn dagambulansen, slik at det berre blir att ein ambulanse i kommunen. Florø misser ein av sine døgnambulansar, medan det ikkje vert ambulanse i det heile i Jølster, Aurland og Lavik eller Fjaler.

LES OGSÅ PÅ NRK: - Legevaktsamarbeidet står i fare

- Kjenslemessig er eg heilt forskrekka. Fagleg sett er dette heilt utruleg, seier kommunelege Frode Hestdal i Vågsøy.

- Ikkje forsvarleg

Sjølv misser Hestdal ein av to ambulansar. Vel og merke dersom kuttlista frå administrasjonen vert teken til følgje når den blir lagt fram i dag. Helse Førde må kutte fleire titals millionar kroner i år. Berre i ambulansetenesta er det planlagt å spare nær fire millionar kroner. Hestdal vil ikkje gå god for omlegginga.

- Her kan vi få situasjonar med utrykningstid på kanskje over ein time, og i verste fall to timar, eller meir. Eg vil seie at det ikkje er forsvarleg, seier han.

Blir ikkje tilgjengeleg

Heller ikkje kommunelege Lars Moland i Aurland, likar utviklinga. Ambulansen der vil forsvinne til Lærdal, men vert ikkje tilgjengeleg heile døgeret.

- Situasjonen i dag er at vi har døgnambulansar begge stadar. Dersom den eine blir dagambulanse, så blir det reduksjon i ambulansetenesta, seier han.

Leiar for ambulansetenesta i Helse Førde, Stian Sægrov, seier dette er eit førebels framlegg som styret må vurdere

- Vi meiner at vi har ein god ambulanseberedskap og om vi no må gå til det tiltak å kutte på nokre tenestestadar, så meiner vi likevel at det skal vere ei forsvarleg ambulanseteneste, seier han.