Hopp til hovedinnhold


40 år som ambulansesjåfør - overtar arbeidsplassen

Geir Venås frå Seljord nærmar seg pensjonsalder etter 40 år som ambulansesjåfør. Men det stoppa han ikkje frå å seie ja då han fekk førespurnad om å eige ambulansetenestene i Seljord og Vinje.

Geir Venås (59) frå Seljord nærmar seg pensjonsalder etter 40 år som ambulansesjåfør. Men det stoppa han ikkje frå å seie ja då han fekk førespurnad om å eige ambulansetenestene i Seljord og Vinje. 

Les heile saka i Vest-Telemark Blad: - Dette er ikkje ein vanleg jobb, men ein livsstil 

I Seljord er det to døgnbemanna ambulansar, medan det i Vinje er ein døgnbemanna og ein på dagtid. Totalt er det 21 tilsette. 
– Eg ser det som ei tillitserklæring å bli spurt om å vere eigar, seier Venås.

Viktig med støtteapparat 
Å vere ambulansesjåfør kan vere ei stor påkjenning. Venås meiner det er viktig å fokusere hundre prosent på jobben der og då, og unngå å bli stressa. 
– Det blir jo slik at ein etterpå tenkjer gjennom det som har skjedd. Men der og då må ein distansere seg og ha fullt fokus. Skallen må vere ryddig når alt rundt er kaotisk, seier Venås.

– Det verste er ungar med pusteproblem. Det kjem eg aldri til å bli komfortabel med. Det er tøft, medgjev Venås. 
– Når pasientane pustar og me kan snakke med dei, kan me seinke skuldrene litt, legg han til. 
Tidlegare var det ikkje vanleg at ein snakka om kjensler, trass i alt det dei kunne oppleve på uttrykking. Slik er det ikkje lenger. Heldigvis, meiner Venås.

– Før blei det forventa at ein skulle vere eit slags overmenneske som ikkje viste kjensler. Men det har vore eit generasjonsskifte. No er det både evaluering og debrifing etter ei uttrykking. Det er viktig å ha eit støtteapparat som krisegrupper, kollegaer eller legar. Det treng både lensmann og prest, for å seie det slik. Eg trur ikkje dei «steinharde» utan kjensler, ville passe i ein slik jobb, seier Venås. 

– Kvifor ville du bli ambulansesjåfør?
– Det var vel interessa for å hjelpe andre, i tillegg til ein spenningsfaktor, seier han. 

Skryter av kollegaer 
Han likar ikkje å snakke mykje om seg sjølv, eller kva han har betydd for ambulansetenesta i Seljord. Men andre vil han skryte av. Som kollegaer og legar. 
– Me er ein utruleg fin gjeng. Eg er vel litt bestefar og sjuande far i huset, men eg trur kombinasjonen av yngre og eldre er gull verdt. Det er dessutan ein veldig lojal arbeidsstokk og godt fagmiljø, og det hadde ikkje svive rundt utan, seier han om kollegaene.

– Kva er dei største utfordringane i yrket?
– Det er for få utdanningsplassar. Det er også viktig at helse ikkje går på kostnad av kroner og ører. Me er avhengige av ei oppegåande ambulanseteneste, det er god distriktspolitikk, meiner han. 
Det er ikkje bemanna legevakt i Vest-Telemark om nettene, dette gjev store utfordringar for ambulansepersonellet, og stiller endå høgare krav til ei oppegåande ambulanseteneste, meiner Venås. 

– Kva har vore det beste med å vere ambulansesjåfør?
– Det å bli kjent med folk, og få gleda av å hjelpe til. Takksemda folk viser er også ein drivkraft, meiner Venås.