Hopp til hovedinnhold


Fagleg forsvarleg å frakte pasient til Førde

Det var fagleg forsvarleg å frakte ei eldre kvinne med lårhalsbrot frå Nordfjord til Førde sentralsjukehus for operasjon der, konkluderer Helsetilsynet i Sogn og Fjordane etter at pårørande til pasienten klaga på behandlinga.

Det var fagleg forsvarleg å frakte ei eldre kvinne med lårhalsbrot frå Nordfjord til Førde sentralsjukehus for operasjon der, konkluderer Helsetilsynet i Sogn og Fjordane etter at pårørande til pasienten klaga på behandlinga.

  • Det skapte mediestorm då pårørande til ei eldre kvinne i Nordfjord i fjor stod fram, m.a. på TV 2 og kritiserte Helse Førde for behandlinga i samband med eit lårbeinsbrot. No har Helsetilynet ved fylkeslegen konkludert i saka.

Les også Dagens Medisin: - Må prioritere eldre med hoftebrudd

Mer om temaet: Fra ambulanse og direkte til røntgen

Operert dagen etter
Kvinna bur i nærleiken av Nordfjord sjukehus, og ho vart undersøkt og vurdert der. Etter at ho hadde fått smertelindrande behandling, vart ho køyrt med ambulanse til Førde sentralsjukehus og operert der dagen etter.

Av ambulansejournalen går det fram at kvinna var kvalm og kasta opp på turen til Førde, men ho hadde god effekt av smertelindringa. Transporten tok om lag to timar.

Kravde fritt sjukehusval
Pårørande gav uttrykk for at kvinna burde opererast på lokalsjukehuset, og dei meiner at dei kunne velje sjukehus eter reglane om fritt sjukehusval. Dei meiner vidare at flyttinga var uforsvarleg, og at dei burde få opplyst kva sjukehus som var aktuelle å velje mellom.

Var øyeblikkeleg hjelp
Fylkeslege Petter Øgar konkluderer at transport og behandling var fagleg forsvarleg.

Han skriv vidare at rett til fritt sjukehusval gjeld all planlagd utgreiing og/eller behandling. I øyeblikkeleg hjelp-situasjonar har derimot ikkje pasienten rett til å velje sjukehus. Behandling av lårhalsbrot er å sjå på som øyeblikkeleg hjelp.

– Sjukehuseigar har dessutan rett til å bestemme kva typar verksemd som skal drivast ved det einskilde sjukehuset, skriv fylkeslegen, som er leiar for Helsetilsynet i Sogn og Fjordane.