Hopp til hovedinnhold


15 av 21 ambulansestasjonar utan nok fagutdanna personell

Statens helsetilsyn krev svar på korleis Helse Førde sikrar forsvarleg kompetanse og forsvarleg medikamenthandtering i ambulansetenesta

helsefordelogoStatens helsetilsyn krev svar på korleis Helse Førde sikrar forsvarleg kompetanse og forsvarleg medikamenthandtering i ambulansetenesta, skriv Firdaposten.

Ved 15 av 21 ambulansestasjonar i Sogn og Fjordane greier ikkje Helse Førde å sikre kontinuerleg bemanning av ambulansane med fagutdanna personell.

Dette går fram av eit brev Statens helsetilsyn sentralt har sendt Helse Førde.

Det var under arbeidet med ei sak mot to ambulansepersonell som arbeidde i helseføretaket, at Statens helsetilsyn reagerte på kompetansesituasjonen.

Per 5. november i fjor hadde føretaket berre 71 fagutdanna ambulansearbeidarar i ei teneste som sysselset 146 årsverk fordelt på 21 ambulansestasjonar.

Fire ambulansestasjonar var utan ambulansepersonell med fagbrev. Ved 11 andre ambulansestasjonar var andelen faglærte ambulansearbeidarar 50 prosent eller mindre.

Forsvarleg?
Statens helsetilsyn peikar også på at Helse Førde ikkje har etablert noko system for å sertifisere eller godkjenne ambulansepersonell til å administrere legemiddel, men baserer seg på at legevaktlegane skal vurdere om det er forsvarleg å delegere denne typen oppgåver til ambulansepersonellet i den einskilde situasjon.

– Sett i lys av at ambulansepersonellet har så ulik kompetanse, set vi spørsmålsteikn ved om ei slik organisatorisk løysing er forsvarleg, skriv helsetilsynet.

Fleire er under utdanning
Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, seier det er stor pågang av tilsette som er i ferd med å ta fagbrev, før nye og strengare kompetanseforskrifter trer i kraft neste år.

– Ambulansetenesta er forsvarleg i forhold til pasientane. Men i distrikta er det vanskeleg både å rekruttere og halde på fagutdanna personell, seier han.

Fylkeslege Petter Øgar likar ikkje situasjonen:

–Vi kan ikkje ha det slik at Helse Førde ikkje oppfyller lovkrava som kjem. Situasjonen er urovekkjande, når det samstundes blir føresett at ambulansepersonell skal ta meir og meir hand om medisinske problemstillingar, seier fylkeslegen.

I dag er Vik, Bremanger, Svelgen og Jølster dei stadane utan nok faglært ambulansepersonell. I tillegg er ambulansestasjonen i Aurland mellombels stengd grunna mannskapsmangel. Kommunen vert dekka opp av ambulansar frå Lærdal.