Traumeomsorg

Trudde ikkje det ho fekk høyre om ambulansetransport

Publisert Sist oppdatert

Tove Karoline Knutsen (Ap), medlem i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, trudde knapt det ho høyrde då ho besøkte Volda torsdag, melder Fjordingen.

– Høyrde eg rett når det vart sagt at ein ambulanse ikkje køyrer pasienten til næraste akuttsjukehus ved trafikkulukker på andre sida av føretaksgrensa? spurte ho.
– Ja, føretaksgrensene inviterer ikkje til samarbeid. Når det er planlagde innleggingar, får pasientane lov til å kome over føretaksgrensa. Når det gjeld akutte situasjonar, får ein ikkje lov utan at ein sjølv har sterke meiningar eller sterke pårørande. Det er eit moralsk problem der omsynet til føretaket vert sett framfor pasienten sitt beste, sa Rune Heggdal, lege ved Volda sjukehus.
Tove Karoline Knutsen var ein av fire stortingspreresentantar frå Ap som besøkte Volda torsdag, blant anna for å bli orientert om sjukehuset sin situasjon etter at helseminister Bent Høie har foreslått avvikling av kirurgisk akuttberedskap ved sjukehuset.
Knutsen stilte fleire spørsmål, og etter å ha høyrd at skadde ved trafikkulukker til dømes i Stryn og Hornindal som hovudregel vert sendt i ambulanse til Førde i staden for til Volda, var ho klokkeklar.
– Det går ikkje an. Dette må det ryddast opp i. Slik har vi det ikkje i Nord-Norge, sa Knutsen.
Les meir om saka hjå Fjordingen

Powered by Labrador CMS