Traumeomsorg
Ser på både traumesystem og akuttkirurgi i oppfølginga av utviklingsplanen
I september starta arbeidet med å sjå nærare på to viktige tema for helseføretaket: Revisjon av traumesystemet i Helse Møre og Romsdal (HMR) og vurdering av akuttkirurgisk vaktordning for pasientar tilhøyrande Volda sjukehus.
Cirka 20 fagfolk var samla for å starte arbeidet med revidering av Helse Møre og Romsdal sitt traumesystem sett opp mot ny nasjonal traumeplan som blei innført i 2017. Oppdraget kom i Utviklingsplanen for 2019 – 2022, og den breitt samansette arbeidsgruppa skal legge fram ei anbefaling om organisering innan 1. april 2019.
Nye krav
For å sikre best mogleg skadebehandling av hardt skadde pasientar, pliktar helseføretaket å ha eit tydeleg og oppdatert system for å handtere traume. Dagens prosedyrer er frå 2014, og dei siste åra har det skjedd endringar som påverker desse.
- Nasjonal Traumeplan blei innført i 2017, og har krav som verker inn på Helse Møre og Romsdal.
- SNR er vedtatt, og prosessen med bygging og ny organisasjonsstruktur er i gong.
- Karkirurgi, mamma-/endokrinkirurgi skal samlast.
- Fagmiljø og kompetansen i sjukehusa er i endring, og status for dei ulike sjukehusa i HMR må sjåast opp mot krava som blir stilt i Nasjonal Traumeplan.
- Regional og lokal utviklingsplan
- HMR sin krevjande økonomisk driftssituasjon gjer også at det er behov for ein gjennomgang av korleis ein nytta.
Per i dag har Volda sjukehus akuttkirurgisk vakt frå måndag kl 08 til fredag kl 16, med beredskapsvakt for inneliggande pasientar på helg.
Les meir om saka hjå Helse Møre og Romsdal