Responstid

Må venta lengst

Publisert Sist oppdatert

Ingen andre bydelar har så lang responstid for akutthjelp som Arna i Bergen, skriv Bygdanytt.
Akuttmedisinsk seksjon ved Helse Bergen lagar kvart år ei oversikt over kor lang tid dei brukte på å rykka ut til alle ambulanseoppdraga i Bergen. Tala for 2013 viser at responstida, som er tida som går frå nokon tar kontakt med AMK til ambulansen er framme hos pasienten, varierer sterkt frå bydel til bydel.
Det er kanskje ikkje så overraskande at det berre går om lag sju minutt til ambulansen er på plass dersom ein er i Bergen sentrum, men både til Landås og Laksevåg går det ikkje meir enn eitt minutt ekstra. Til Sandviken går det ti minutt, medan det til Fana/Ytrebygda, Fyllingsdalen og Åsane går om lag elleve minutt til ambulansen er på plass.
Klasse for seg
Den nest dårlegaste bydelen er Loddefjord med 13 minutt, medan Arna kjem i ein klasse for seg med eit gjennomsnitt på 17 minutt.
Dersom nokon treng hjelp i Arna i dag, rykker det ut ein ambulanse anten frå Fana eller Åsane, men også ambulansen på Osterøy kan bli beden om å rykka ut til oppdrag i Arna.
Leiaren ved akuttmedisinsk seksjon i Helse Bergen, Guttorm Brattebø, understrekar at dekninga i Arna kan bli betre, men han presiserer at tala for Arna ikkje blir heilt korrekte fordi bydelen har ein «First responder» ved brannstasjonen som får melding samstundes som nærmaste ledige ambulanse.
Bra tilbod
– Så tala fortel ikkje heile sanninga, sjølv om vi gjerne skulle sett at responstida vår til Arna hadde vore litt lågare. Men samla sett er tilbodet ganske bra også i Arna, seier Brattebø.
Les meir om saka hjå Bygdanytt

Powered by Labrador CMS