Responstid

Låg skadd på isen i 90 minutt

Då Marie Jeanne Nijimbere datt på isen, blei ho liggjande ute i ti minusgrader med broten fot. Det tok ein og ein halv time før ambulansen kom til staden

Publisert Sist oppdatert

Då Marie Jeanne Nijimbere datt på isen, blei ho liggjande ute i ti minusgrader med broten fot. Det tok ein og ein halv time før ambulansen kom til staden, skriv NRK Sogn og Fjordane.
– Me ringte 113 klokka halv fem. Då legen kom til staden kvart på fem, sa han at me ikkje kunne få ambulanse med ein gong, fordi ambulansen ikkje var i bygda og måtte køyre frå Balestrand, seier sonen Jonathan Nahayo .
– Eg spurte legen kvifor me skulle vente på ambulanse frå Balestrand og då sa han at dei ikkje hadde nok ambulansepersonell til å koma, seier Nahayo.

Brukte ei dør

I Vik sto reserveambulansen, men AMK fann ikkje personell til å bemanne den. Marie Jeanne Nijimbere hadde brote foten og for å hjelpe ho med å halde varmen, sprang sonen til naboar for å få låne teppe.
– Folk som budde i nærleiken kom med teppe, underlag og varmeflasker. Etter ei stund hjelpte naboar også til med å flytte ho inn i ein butikk i nærleiken. Me måtte bruke ei dør for å frakte ho til butikken, seier Nahayo.
Då hadde Nijimbere allereie låge ute i ein time og 20 minutt. Først kl. 18:16 kom ambulansen til staden.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS