Paramedisin

Paramedicstudent.

Frå 1. mai 2022 kan paramedisinarar søke om autorisasjon og lisens

Nye personellgrupper i autorisasjonsordninga for helsepersonell.

Publisert Sist oppdatert

Autorisasjonsordninga for helsepersonell blir utvida med tre nye personellgrupper. Frå 1. mai 2022 kan paramedisinar, naprapat og osteopat søke Helsedirektoratet om autorisasjon og lisens. Dette skriv Helsedirektoratet på sine nettsider.

Dersom du har utdanning innan ein av dei nemnde yrkesgruppene må du søke Helsedirektoratet om offentleg godkjenning for å kunne arbeide innan yrket og nytte tittel.

Det vil vere mogleg å sende søknad om autorisasjon og lisens frå 1. mai 2022.

Stortinget har òg vedtatt autorisasjon for manuellterapeut. Tidspunktet for når dette trer i kraft er førebels ikkje klart. Helsedirektoratet vil gje meir informasjon så snart dette er avklart.

Paramedisinar

Dersom du har gjennomført utdanning som paramedisinar og allereie har autorisasjon som ambulansearbeidar, kan du søke om å endre registreringa di i helsepersonellregisteret.

Dette inneber at den noverande autorisasjonen din som ambulansearbeidar blir endra til autorisasjon som paramedisinar.

Den norske paramedisinarutdanninga er ein treårig bachelorgrad på høgskule eller universitet.

Bruk av beskytta tittel

Dersom du er paramedisinar og ikkje søkar om autorisasjon og lisens innan 1. mai 2023, mistar du retten til å nytte tittel.

Powered by Labrador CMS