Nødmeldetjeneste

Venta over ein time på hjelp

I ein time låg Sandra Eriksen Bjørnestad på sanvollyballbana i Flåm med kneskåla ute av ledd og intense smerter.

Publisert Sist oppdatert

I ein time låg Sandra Eriksen Bjørnestad på sanvollyballbana i Flåm med kneskåla ute av ledd og intense smerter, skriv Sogn Avis.

Ambulanse og medisinsk hjelp var opptekne med anna oppdrag.

– Kneskåla hadde flytta seg og låg på utsida. Me forstod at dette var ei alvorleg skade og ringde først nummeret til legevakta. Eg fekk kontakt, men operatøren sa brått at dei måtte svare på ein anna telefon. Om eg vart sett på vent, eller om linja vart broten, veit eg ikkje heilt, fortel Marianne Nygård.

Frå AMK vart det sagt at ambulanse skulle sendast umiddelbart. 25 minuttar seinare ringde dei opp att, og sa at det ville ta minst 30 minuttar før ambulansen var framme.

Måtte prioritera anna oppdrag
Fungerande AMK leiar Irene Holmer beklagar at Sandra Eriksen Bjørnestad vart liggjande utan hjelp på sandvollybana i Flåm i over ein time.

– Det er berre svært uheldig, men ambulanseressursen måtte prioriterast til eit anna oppdrag.

Holmer seier at Bjørnestad vart offer for det som vert kalla samstundeskonflikt.

– Ambulansen i Lærdal vart prioritert til eit oppdrag av meir alvorleg karakter i Lærdal. Det var eit stykke å køyra til denne pasienten, og det tok tid. Ei kneskål ute av ledd gir frykteleg sterke smerter, men det er ikkje livstruande, seier Holmer, som fortel at det vart gjort ei flåtestyring der ein ambulanse frå Sogndal vart sendt til Lærdal for å overta oppdraget til Lærdalsambulansen.

– I ettertid ser eg at AMK kunne vore meir behjelpelege med å kalla ut lokal lege. Det er noko me ofte gjer, og eg ser at me burde gjort det i dette tilfellet også, seier AMK leiaren.

Les meir om saka hjå Sogn Avis

Powered by Labrador CMS