Medieklipp

«Uopplagt, fjern, ustø og ute av stand til å følgje med i samtalen»

Ambulansearbeidar måtte slutte i Helse Førde. No har ho fått formell refs.

Publisert Sist oppdatert

Slik karateriserer Statens Helsetilsyn tilstanden ein ambulansearbeidar var i då ho møtte på jobb i fjor haust. Seinare på vakta skal ho rett og slett ha sovna midt under ein samtale, skriv Bergens Tidende.

Ambulansearbeidaren, som er utdanna hjelpepleiar, måtte slutte i Helse Førde og har no fått ei formell åtvaring for brot på helsepersonelllova.

I ei tidlegare tilsynssak mot kvinna konkluderte Statens Helsetilsyn med at ho hadde oppført seg så aktlaust at det også då var grunnlag for å gje henne ei åtvaring. Den gongen meinte Helsetilsynet mellom anna at ho gav urette opplysningar til dei, og at ho førte urette opplysningar inn i pasientjournal. Men den gongen drog saka så langt ut i tid at ambulansearbeidaren slapp den formelle reaksjonen.

Åtvaring

Men etter ei vakt i februar 2011 var begeret fullt for arbeidsgjevaren Helse Førde. Blant anna skal kvinna ifølgje ei rekke kollegar ha sovna på vakt, ikkje møtt fram i tide ved hasteoppdrag og ha rota med medisindoseringa til ei fødande kvinne i ambulansen. Ho forveksla storleikane milligram (mg) og milliliter (ml), og var heller ikkje sikker på kor mykje skulle gje pasienten av tilmålt dose.

Les meir om saka hjå Bergens Tidende

Powered by Labrador CMS