Medieklipp

Trur gjerningsperson jakta medisin

Vedkommande som natt til søndag overfall ein ambulansetilsett i Stryn, var truleg på jakt etter medisinar.

Publisert Sist oppdatert

Vedkommande som natt til søndag overfall ein ambulansetilsett i Stryn, var truleg på jakt etter medisinar, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Det seier lensmann i Stryn, Lasse Trosdal.
Les og: Ambulansepersonell er sterkt prega og Overfalt inne på ambulansestasjon
Lensmannen vil ikkje kommentere om gjerningspersonen fekk med seg medikament. Trosdal kan heller ikkje seie at politiet har kunne konstatere noko innbrotsstad.
Det var to personar på jobb i stasjonen då overfallet skjedde. Folk som var i sentrum av Stryn laurdags natt er bedne om å kontakte politiet og så langt har mange meldt seg.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS