Medieklipp

VW Crafter er den suverene markedslederen innen norsk ambulansetejeneste.

Trøbbel med levering av nye ambulansar. — Påvirkar driftssikkerheita

Over heile landet er det trøbbel med leveringa av nye ambulansar.

Publisert Sist oppdatert

Får ikkje nye ambulansar

Ola Borstad er leiar ved ambulanseavdelinga på Oslo Universitetssjukehus.

Ambulansen er eit av dei viktigaste verktøyet dei har. Og dei er avhengige av at dei er driftssikre, forklarar han til NRK.

– Men både høg kilometerstand og alder gjer sitt til at driftssikkerheita blir redusert.

Kvart år bestiller dei, og alle andre helseføretak i Noreg, nye ambulansar. Men dei får ikkje alle dei har bestilt.

Ei av årsakene er at dei blir produsert i mellom anna Ukraina. Ei anna er koronapandemien, da det vart problem med transport over heile verda.

Fleire føretak manglar ambulansar

Fleirtalet av landets foretak fortel at dei har fleire gamle bilar, der driftssikkerheita er lågare og utgiftene høgare enn dei burde vere.

Nokre stader, som Innlandet og Oslo, har dei opplevd å ikkje ha nok ambulansar til vaktlaga på jobb. Det skjer på grunn av teknisk svikt eller uventa verkstadbesøk.

Ved OUS er det i dag 27 bilar som har gått mellom 300.000 og 400.000 km. Åtte har gått mellom 400.000 og 500.000 km, og éin meir enn 500.000 km.

Bedring i 2024

Ole-Magne Kleven, avdelingsleiar i Sjukehusinnkjøp, seier at han har fått tilbakemelding om at produksjonen er tilbake til normalen. No blir det jobba med å ta igjen etterslepet.

Les heile saken på NRK sine nettsider.

Powered by Labrador CMS