Medieklipp
Siste fase for prehospital plan i Helse Førde
Tredje og siste fase i arbeidet med prehospital plan i Helse Førde er i gang.
Denne fasen handlar om å innføre tiltak som vart gjort vedtak om i fase 2. Etter planen skal styret slutthandsame fase 3 i første halvår 2021, ifølge Fjordabladet. (krev innloggjing)
Arbeidet med prehospital plan har vore delt inn i tre fasar.
I alt inneheld fase 2 av planen 39 ulike tiltak. Styret vedtok å arbeide vidare med nokre av tiltaka. Mellom anna skulle endringar som gjeld døgnbilen i Lavik greiast ut vidare.
For Ytre Bremanger vedtok styret å gå vidare med å gjere om døgnbilen der til ein einmannsbetent ambulanseressurs, alternativt redusere til ein ambulanse i kommunen.
Styret vedtok også at det skulle gjennomførast ei vurdering av kva konsekvensar det vil ha at Hornindal kommune er slegen saman med Volda, og dermed ikkje lenger fell inn under ansvarsområdet til Helse Førde.
Ei prosjektgruppe leia av Tom Guldhav, direktør for kirurgisk klinikk, styrer arbeidet. Under denne er det sett ned fire arbeidsgrupper. Ei gruppe ser på Lavik, ei på Ytre Bremanger, ei tredje arbeider med Hornindal og ei fjerde ser på samhandling med kommunane.
– Gruppene er godt i gang med arbeidet, sa Guldhav då han orienterte om fase 3 på styremøtet fredag 27. november.
Gruppene er sett saman av kommune- og brukarrepresentantar, tillitsvalde, verneteneste og tilsette i Helse Førde. Avdelingssjef for akuttmedisin, Robert Brennersted, leiar Lavikgruppa. Dei andre tre arbeidsgruppene er leia av ambulansesjef Stian Sægrov.
Les meir om saka hjå Helse Førde (krev innlogging)
Les også
-
«Take it or leave it» frå Helse Førde: Betal eller godta kutt i ambulansetenesta
-
Plan for ambulansetenesta i Helse Førde er klar: – Det er ikkje realistisk å nå…
-
Helse Førde utset høyring om prehospitale tenester
-
Helse Førde har sendt prehospital plan på høyring
-
«Beredskapen reduseres ytterligere i Helse Førde»
-
Ambulansetenesta i Helse Førde og kvalitet
-
Helse Førde vurderer kvite ambulansebilar
-
Ambulanse-strukturen i Helse Førde blir ikkje endra neste år
-
Manglar 30 millionar: Gjer nye vurderingar av ambulansetilbodet i Helse Førde
-
Reagerer på utspel om ambulansekostnader i Helse Førde
-
«Ambulansetenesta til Helse Førde er ikkje berekraftig»