Medieklipp

Lars Erik Sjømæling.

Fryktar ferjekutt kan forseinke ambulansen

Fylket foreslår ei rekke ferjekutt frå 2021.

Publisert Sist oppdatert

Eitt av forslaga gir bekymring for ambulansetenesta, skriv Sunnmørsposten (krev innloggjing).

På sambandet Koparnes – Årvika mellom Vanylven og Gurskøya er det foreslått å ta bort ei rekke ferjeavgangar: Seks avgangar på kvardagar, tolv avgangar på laurdag og åtte avgangar på søndag, slik Sunnmørsposten har skrive før.

For ambulansetenesta er dette ferjesambandet spesielt sårbart, seier klinikksjef Lars Erik Sjømæling i Helse Møre og Romsdal. Han vart merksam på kuttforslaget då Sunnmørsposten tok kontakt tysdag.

– På alle andre ferjesamband kan vi rekvirere ferje heile døgnet til ambulanse, eller vi har ambulansebåt. Koparnes – Årvika er siste ferjesamband utan slike kompenserande løysingar, seier Sjømæling.

Dermed er Vanylven meir isolert enn andre område på Sunnmøre når det ikkje går ferje.

Frå Vanylven kan ambulansen heile døgnet kome seg til Volda. Men viss den skal til Ålesund, blir dette ein omveg.

– Og dersom ambulansen i Vanylven er opptatt, er næraste ambulanse på Larsnes. Derfor er all reduksjon i ferjetilbodet Koparnes – Årvika svært uheldig. Vi er opptatt av å heile tida ha backup-løysingar, seier Sjømæling.

Han vil no skrive eit høyringssvar til fylket innan fristen 6. oktober.

– Eg skjøner at dette er eit forslag, så dette er ingen kritikk. Eg vil berre få fram viktigheita, seier klinikksjefen.

I helsestellet er det ikkje berre ambulansetenesta som treng gode ferjesamband, peikar klinikksjefen på.

Det gjer også dei som skal til legevakta.

Dei områda i fylket som Sjømæling er bekymra for, og som må nytte ferje delar av døgnet til legevakt, er: Geiranger, Eidsdal, Øye, Urke og Lauvstad, i tillegg til Midsund, Aukra og Rauma.

Les meir om saka hjå Sunnmørsposten (krev innlogging)

Powered by Labrador CMS