Medieklipp

Ulsteinvik.

Foreslår å legge ned ambulansestasjoner i Møre og Romsdal

Forslaget er sentralt i ei høyring som no er sendt til dei aktuelle kommunane.

Publisert Sist oppdatert

No kan ambulansestasjonane for Ulstein (og Hareid), Herøy og Sande bli samlokaliserte – i Myrvåg. Dette som ein del av eit innsparingsforslag frå Helse Møre og Romsdal, skriv Vestlandsnytt (krev innlogging).

Går forslaget gjennom, inneber det at ambulansestasjonane i Ulsteinvik (felles for Hareid/Ulstein), i Fosnavåg og på Larsnes vert nedlagde.

Sistnemnde stasjon har også eit ansvar inn mot ambulansebåten som er stasjonert i Sande.

– Klinikken må ta sin del av ansvaret for effektiviseringsprosessen som pågår i Helse Møre og Romsdal, på grunn av reduserte budsjettrammer, skriv seksjonsleiar Jørn Velle Moldskred i klinikk for prehospitale tenester.

Frå før er det kjent at helseføretaket vurderer nedlegging av Mork rehabiliteringssenter, flytting av ambulant psykiatri-team frå Myrvåg til Volda og dessutan ei mogleg sommarstenging av fødeavdelinga i Volda.

Les heile saken på nettsidene til Vestlandsnytt (krev innlogging).

Powered by Labrador CMS