Medieklipp
Det offentlege tek over ambulansedrifta
Styret i Helse Midt-Norge har vedteke med 8 mot 5 stemmer å tilbakeføre ambulansedrifta til det offentlege i 2013. Det betyr at det private selskapet Aktiv Omsorg, som har eit femtitals tilsette under dagleg leiar Anders Riise, mistar oppdraget. Riise seier til Vestlandsnytt at han vurderer vedtaket som "hundre prosent politisk".
Styret i Helse Midt-Norge har vedteke med 8 mot 5 stemmer å tilbakeføre ambulansedrifta til det offentlege i 2013. Det betyr at det private selskapet Aktiv Omsorg, som har eit femtitals tilsette under dagleg leiar Anders Riise, mistar oppdraget. Riise seier til Vestlandsnytt at han vurderer vedtaket som "hundre prosent politisk", skriv Herøynytt.
Bakgrunn: Helse Midt-Norge får offentlig drevet ambulansetjeneste
Aktiv Omsorg med dagleg leiar Anders Riise har administrasjonslokale i Saunesmarka i Ulstein - med døgnbemanna stasjonar på Larsnes og i Fosnavåg. Dei har også stasjonar i Stranda, Sykkylven og Geiranger, med underleverandør i Vanylven.
Vedtaket i Helse Midt-Norge gjeld for Møre og Romsdal og dei to trøndelagsfylka. Dagens private drivarar vil snarleg bli innkalla til eit møte for å drøfte konsekvensane av vedtaket.
Vestlandsnytt nemner "anbudsrot og ulike løns- og pensjonsvilkår mellom private og offentlege ambulansetilsette" som trulege årsaker til at helseføretaket går tilbake til sjølvdriven ambulansedrift.
Styreleiar i Helse Midt-Norge Kolbjørn Almlid seier at ambulansetenesta i dag fungerer godt og held høg kvalitet, men at det finst gode argument for å sikre ei tettare integrering mellom ambulansane og akuttmottaka, både for fagleg utvikling og for samhandling i den akuttmedisinske behandlingskjeda.
Anders Riise seier seg svært overraska over vedtaket, som han ser på som eit hundre prosent politisk vedtak som administrasjonen i helseføretaket ikkje har ønskt. Riise finn det i tillegg skremmande at fleirtalet i styret går inn for dette utan å vurdere dei økonomiske konsekvensane.
Les meir om saka hjå Herøynytt