Medieklipp

Ambulanse brukte fleire minutt på å komme forbi

Publisert Sist oppdatert

Ambulansepersonell: - Folk har ein tendens til å gjere mykje anna enn å køyre bil på vegen, skriv Firda.
Ein bilførar på veg mellom Mo og Førde høyrde torsdag føremiddag sirenene til ein ambulanse bak seg, og køyrde då til sida av vegen for å sleppe utrykkingskøyretøyet forbi.
Men ikkje alle bilistar er like merksame når dei køyrer på vegen. Føraren reagerte på at utrykkingskøyretøyet ikkje fekk vidare passasje på vegen, grunna at fleire bilistar framfor ikkje la seg ut til sida for å skape plass.
Tipsaren fortel at ambulansen vart liggande fanga slik i fleire minutt før den omsider sleppte forbi. Vedkommande tok då bilde av hendinga.

Ser mykje rart

Reidar Kirketeig er personell ved ambulansetenesta ved Helse Førde. Han har ti års erfaring i faget, og fortel at han har sett mykje rar åtferd på vegane.
– Vi har mange timar på vegen i løpet av året, og vi ser at mange bilførarar har merksemda si på heilt andre ting enn oss. Folk har ein tendens til å gjere mykje anna enn å køyre bil, seier Kirketeig.
Smarttelefonar, stereoanlegg, hjelpemiddel i bil, navigasjonssystem, førarinfosystem. Dette er faktorar som utrykkingskøyretøy må konkurrere mot om bilistar si merksemd.
Les meir om saka hjå Firda

Powered by Labrador CMS