Legevakt

- Eg fryktar pasientlekkasje frå Odda sjukehus og svekka ambulanseberedskap

Publisert Sist oppdatert

Hardanger og Voss legevaktdistrikt kjempar mot to andre distrikt om å bli nasjonal pilot for legevakt. Men internt er ein ueinige, skriv Hardanger Folkeblad

Helse Fonna seier ja og politikarane i Ullensvang og Jondal seier ja, men frå Odda er svaret nei. Det er status etter at politikarane i kvar av kommune har uttala seg når det kjem til søknaden frå Hardanger og Voss legevaktdistrikt om å få bli nasjonal legevaktpilot dei neste tre åra.

– Piloten er designa for å styrka legevakttilbodet i distriktet og spesielt legevakta i Odda som har vanskar med å oppfylla dagens lovkrav. Vidare skal tilbodet byggjast ut i kommunane som har lang avstand til dagens legevaktstasjonar, seier legevaktsjef for Hardanger og Voss legevaktdistrikt, Silje Todnem.

Overraska: Bakgrunnen for vår søknad er at vi ynskjer å vidareutvikla dagens legevaktmodell, ein modell som vart vedtatt politisk alt i 2012. Eg er difor overraska over at Odda seier nei, seier legevaktsjef Silje Todnem. Foto: Privat

Det er uavklart kva som skjer etter at Odda sa nei og Ullensvang og Jondal, med visse føringar, sa ja. Også Helse Fonna seier ja, under føresetnadar.

– Søknaden står som han står, men me må diskutera med Helsedirektoratet og kommunane som har sagt ja, korleis me skal forholda oss til at Odda vel å stå utanom, forklarar Todnem.

Les heile saka hjå Hardanger Folkeblad (krev innlogging)

Powered by Labrador CMS