Kommunikasjon

Viktig erfaring frå øving

VG omtaler problem med Nødnett under ei kriseøving ved Ila landsfengsel. DNK har sett på trafikken under øvinga. - Radiodekninga på staden var god, men høg bruk skapte kapasitetsproblem, seier evaluerings- og analyseansvarleg Marianne Storrøsten.

Publisert Sist oppdatert

VG omtaler problem med Nødnett under ei kriseøving ved Ila landsfengsel. DNK har sett på trafikken under øvinga. - Radiodekninga på staden var god, men høg bruk skapte kapasitetsproblem, seier evaluerings- og analyseansvarleg Marianne Storrøsten, i en pressemelding fra Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK).

Bakgrunn: Kommuniksjonssvikt under gisseldrama på Ila

VG omtaler ei øving ved Ila fengsel i mars, der kapasiteten i Nødnett er tema. DNK gjer i artikkelen greie for at basestasjonen allereie er planlagt oppgradert frå éin til to baseradioar komande sommar.

Det gjeld òg fleire andre basestasjonar frå utbyggjinga av Nødnett på det sentrale Austlandet.

I Oslo var oppgraderinga gjennomført før terroranslaget 22. juli, og basestasjonane der takla svært høg belasting.

Teknologien fungerte
DNK har sett på trafikken under øvinga på Ila, der mellom anna naudetater frå Oslo og Akershus deltok.

Evaluerings- og analyseansvarleg Marianne Storrøsten ved DNK seier at data frå øvinga viser at talegrupper som ikkje var knytt til øvinga, tok opp kapasitet slik at det vart sambandsproblemer på øvingsstaden.

DNK bør varslast
Sjef for Strategi- og analysestaben, Nina Myren, seier at DNK vil ta initiativ til ein gjennomgang av øvinga med naudetatane. Ho er klar på at DNK bør varslast før planlagte øvingar og ved store, planlagde hendingar.

– Då kan vi følgje med på kapasitetsbruken og i samråd med etatane setje i verk tiltak om det er behov, seier Myren.

Ifølgje VG vart brannsjefen i Asker og Bærum brannvesen etter øvinga gjort kjend med at nettverksbelastinga kunne ha vore redusert om til dømes inaktive sambandseiningar hadde vorte slått av.

Til VG seier brannsjefen at ho er overraska over at det er viktige sider ved nettet som dei som brukarar ikkje har vore klar over.

Myren viser til det felles sambandsreglementet for dei tre blålysetatane.

Les mer om saken hos DNK

Powered by Labrador CMS