Kommunikasjon

DNK vil ha nettfrekvensar til framtidig datanett for nødkommunikasjon

Direktoratet for nødkommunikasjon ber dei som forvaltar frekvensane tenkje lengre enn nasen rekk.

Publisert Sist oppdatert

Direktoratet for nødkommunikasjon ber dei som forvaltar frekvensane tenkje lengre enn nasen rekk, skriv Nationen.

Les og: Nye krav til nødnett kan gå utover bredbånd på bygda

På vegner av nødetatane krev Justisdepartementet eigne frekvensar eller forrang når Samferdsels-departementet skal auksjonere ut frekvensar til mobilt høghastigheits breiband.

Det mykje omtalte nødnettet som er bygd ut på det sentrale Austlandet, og skal byggjast ut i resten av landet fram mot 2015, taklar ikkje datatrafikk som krev høg nettkapasitet.

Direktør Tor Helge Lyngstøl i Direktoratet for nødkommunikasjon påpeiker at frekvensforvaltning handlar om å tenkje langsiktig, og ber difor Samferdselsdepartementet om å ta høgde for nødetatane sine framtidige kommunikasjonsbehov.

- Førebels bruker ikkje nødetatane dataapplikasjonar som krev meir kapasitet, men det kjem til å endre seg, seier han, og legg til at dei framtidige applikasjonane på sikt vil verte det han omtaler som «mission critical».

- Difor må vi tenkje litt lengre enn nasen rekk, når det gjeld forvaltinga av frekvensressursane, seier Lyngstøl, og legg til at det sentrale for direktoratet er det ikkje vert gjort ting som sperer for gode løysingar i framtida.

To-tre moglege løysingar

Lyngstøl skisser ulike måter å møte nødetatne sine framtidige behov på. Dei to første løysingane representerer ytterpunkta:

•Nødetatane får tildelt eige frekvensband og kan byggje dedikert høghastigheit datanett.

•Etatane vert brukarar av dei kommersielle netta.

Lyngstøl trur ei mellomløysing er det mest sannsynlege.

Les meir om saka hjå Nationen

Powered by Labrador CMS