Innenriks

Nødnettet ikkje robust nok på Vestlandet

Det nye digitale naudnettet hadde ikkje takla uvêret Dagmar. Det stadfestar direktør i Direktoratet for naudkommunikasjon, Nina Myren.

Publisert Sist oppdatert

Det nye digitale naudnettet hadde ikkje takla uvêret Dagmar. Det stadfestar direktør i Direktoratet for naudkommunikasjon, Nina Myren overfor NRK.

I romjula stod mange område på Vestlandet utan straum og telefon i fleire dagar. Og det nye naudnettet som skal stå ferdig i 2014 i fylket, er heller ikkje robust nok til ein ny Dagmar.

Naudnettet skal sørge for at politi, brann og helseetatar sikkert og enkelt kan kommunisere i eit felles nett. Men også det nye nettet hadde fått problem under Dagmar på Vestlandet, seier Nina Myren i direktoratet for naudkommunikasjon.

– Vi har gjort analyser som tyder på at om naudnettet hadde vore i drift på Vestlandet under Dagmar, så ville vi sett det same der, at nokre stasjonar ville ha vore ute av drift.

Hele saken finner du på NRK.no

Powered by Labrador CMS