Innenriks

Legar føler seg pressa til å bruke ambulanse som «drosje»

Publisert Sist oppdatert

Når pasienttransporten ikkje strekkjer til føler legane seg tvungne til å bestille ambulanse til oppegåande pasientar. Det er uakseptabelt, meiner kommuneoverlege, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

Pasientreiser har den siste tida motteke krass kritikk etter at eit nytt transportselskap tok over pasientkøyringa i fire sunnmørskommunar. No reagerer legane på at oppegåande pasientar som ikkje har behov for akutt hjelp blir sendt til behandling i ambulanse i staden for taxi.
Legar har fortalt at pasientar kvir seg for å dra til lege fordi dei må vente i timevis på skyss. Men ifølgje kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol i Ulstein finst det mykje verre konsekvensar enn ventetida.
– Eg og andre legar i kommunen har opplevd at vi må spørje etter ambulanse fordi transportselskapet ikkje har fleire bilar tilgjengeleg. Det er uakseptabelt å bruke ambulanse i tilfelle der ei drosje hadde vore nok. Det svekker beredskapen i resten av kommunen, seier ho.
Pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal, Runar Finvåg, meiner at Pasientreiser bør sjekke om dei nye transportørane innfrir krava i anbodet.
– Viss det er slik at ein bruker ambulanse til pasientar som kunne blitt frakta med taxi, er det dårleg utnytting av ressursane, seier Finvåg, og legg til at det er viktig å halde ved like akuttfunksjonen i helsetenesta.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS