Helse Vest

Vaksinerte heile helga

Helse Fonna er i gang med vaksinering av sine tilsette. Først ut er ambulansepersonell, laboratoriepersonell, røntgen og barneavdelinga. Men folk flest lyt venta.

Publisert Sist oppdatert
Helse Fonna er i gang med vaksinering av sine tilsette.Først ut er ambulansepersonell, laboratoriepersonell, røntgen og barneavdelinga. Men folk flest lyt venta.

Fredag kom 2000 dosar med vaksine mot svineinfluensaen til Stord. På dei fire sjukehusa i Helse Fonna er det køar med tilsette som skal vaksinerast gjennom heile helga. På Stord sjukehus tok assistentlegen Bjarte Wilhelmsen velvillig imot sprøytestikket.

Mindre skeptisk
– Folk har alltid vore skeptisk til vaksinar, men eg trur likevel at dei fleste av kollegaene mine vel å gjera det no. Eg vel å stola på det myndigheitene seier, fortel han.

Legen måtte stå i kø i rundt 30 minuttar før han vart kalla inn på kontoret til sjukepleiar Solveig Steinsland laurdag.

Fredag tok rundt 80 tilsette imot vaksinen. Laurdagen heldt det fram med like mange.

HR-direktør i Helse Fonna, Helga Onarheim, oppfordrar alle dei 3.200 tilsette om å ta vaksinen, på lik linje med det helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen påpeikte før helga.

– Dette er eit tilbod som alle kan nytta seg av. No har me delt dei tilsette opp i tre grupper. Først ut er ambulansepersonell, laboratoriepersonell, røntgen og barneavdelinga. Dernest kjem resten av det kliniske personellet, før me tek for oss alle dei andre tilsette, seier ho.

I veka sa ein av fem at dei ville nytta seg av tilbodet. Men dette har auka etter at saka har fått endå meir merksemd i media.

– Når kvalifiserte personar uttaler seg om dette, så vert folket påverka av det. Eg håpar mange har solidaritet med risikogruppene – altså den yngre generasjonen, som er mest utsett. Vanlegvis er det jo dei eldste som er mest utsett når det kjem til influensa, forklarar Onarheim.

– Friske lyt venta
Då Sunnhordland.no vitja Stord sjukehus laurdag føremiddag, var køen inn til Steinsland sitt vaksinekontor relativt lang. Det tok om lag 25 minuttar å stå i kø. Personellet lyt vente i nye 25 minuttar etter vaksinasjonen for å sjå om kroppen reagerer negativt mot vaksinen.

– Eg meiner dette har gått effektivt for seg, seier Bjarte Wilhelmsen.

Også sundag vil det vera vaksinestasjon på sjukehusa frå klokka 13.00 til 16.00. Mot slutten av veka set kommunen i gang med å vaksinera risikogrupper.

Kommunelege i Stord, Lars Helge Sørheim, oppmodar folk som i utgangspunktet er friske om å venta med å oppsøkja vaksinekontora på helsestasjonane, slik at risikogruppa får vaksinen først.

Les heile saka i Sunnhordland: Vaksinerer heile helga

Powered by Labrador CMS