Helse Vest
Frivillige slit seg ut på redningsaksjonar på Preikestolen
Norsk Folkehjelp har hatt 17 redningsaksjonar til Preikestolen i år. - Minst eit redningoppdrag i veka i sommar tærer på mannskapa våre, seier leiar Mette Rovik i Norsk Folkehjelp i Strand og Forsand.
Norsk Folkehjelp har hatt 17 redningsaksjonar til Preikestolen i år. - Minst eit redningoppdrag i veka i sommar tærer på mannskapa våre, seier leiar Mette Rovik i Norsk Folkehjelp i Strand og Forsand, skriv Stavanger Aftenblad.
Preikestolen set i år ny besøksrekord, med over 150.000 besøkande. Med langt fleire besøkande aukar også talet på skader og redningsoppdrag. Norsk Folkehjelp er midt i september alt kalla ut 17 gonger til Preikestolen. I fjor hadde dei 11 redningsoppdrag ved Preikestolen, som var eit hopp opp frå to gonger i 2010.
Ofte opp mot 100 kilo
- Mange pasientar er tunge, stien er smal og det er vanskeleg å komma seg fram. 60-65 kilo er tungt nok å bera, men ofte kan vekta vera tresifra eller opp mot det. Folk kjenner på at dette er tøft, og treng gjerne litt tid til å ta seg inn igjen før dei seier ja til neste oppdrag, seier Rovik.
Les meir om saka hjå Aftenbladet