Helse Vest

– Eg fekk av meg dei brennande kleda og fann vegen til dusjen

Publisert Sist oppdatert

Eit år etter Malm Orstadulykken på Rogaland fortel dei involverte om ulykka og redningsinnsatsen.
Klokka er 10 om morgonen, og skodda ligg tett over Klepp.
På oljeservicebedrifta Malm Orstad er dei nett ferdige med testinga av ein heilt ny type kutteutstyr. «Control cutter» skal kappa over svære ankerkjettingar på kort tid.
– Me trudde testkuttet gjekk bra, så me gjekk ut for å sjå, seier Rolf Langevoll (35).
Han er ein av fem arbeidarar som har følgd høgrisikotesten på trygg avstand frå ein kontainer på utsida av testhallen.

Eksplosjon

Ute av konteineren, på veg for å inspisera, opnar dei porten til hallen og går mot kutteutstyret.
– Eg held augo mine på saga, og ser at det renn olje frå den. Kuttet gjekk nok ikkje så bra likevel, fortel Rolf.
Gjennom den opne porten kjem det også inn oksygen. Denne blandar seg med ei usynleg tåke av hydraulikkolje og nitrogengass, som har kome under kuttinga.
Ei lampe gjev gassblandinga i rommet nok varme til å ta fyr. Ein kraftig eksplosjon oppstår.
– Først ser eg nokre gneister ved knivane. Eg tenker nå ryk dei, og kastar meg ned i bakken.
– Det smell, og flammehavet breiar seg utover lokalet. Først over heile golvet der eg ligg, deretter opp langs veggane og til slutt i taket.
Lyset blir slått ut, og trass brannar rundt om i lokalet er det mørkt på grunn av alt sotet.
– Eg oppdagar at gensaren min står i flammar, og merkar at det svir på ryggen.

Fem skada

Smellet frå Malm Orstad er så kraftig at nabo Celie Sirevaag kjenner det ristar i heile huset. Ho tar eit bilete av testhallen som står i full fyr med mobilen sin.
Dei andre som er på bedrifta forstår med ein gong etter smellet at noko fryktelig gale har skjedd. Like utanfor hallen er Haakon Wiik og Eirik Hodnefjell. Dei er allereie i gang med bergingsarbeidet.
– Folk i flammar kjem springande ut av hallen. Det nyttar ikkje å sløkka dei med berre hendene, så eg spring inn i hallen for å finna sløkkeutstyr, fortel Eirik.
Alle dei fire som er ute har store brannskadar, ein har også slått hovudet kraftig då han gjekk i bakken. Ein er att i hallen.

Trudde nokon skulle døy

Dette året (2011) døydde det 52 personar på jobb i Norge. Børge Hognestad leia helsearbeidet som blei gjort etter ambulansepersonellet kom til Malm Orstad, han trudde dødsstatistikken skulle bli styggare.
– Eg var rimeleg sikker på at det skulle bli dødsfall ut av denne ulukka, seier han.
Han fortel om ein dag på jobben som gjorde sterkt inntrykk.
– Dei fleste som har jobba i utrykkingsetaten har sett det meste frå livets start til slutt, men dette var spesielt. Det var eit massivt inntrykk eg aldri vil gløyma.
Det kom framleis røyk frå dei skadde, som låg utanfor. Ambulansearbeidaren får ikkje fullrost arbeidet som var gjort før dei kom.
– Dei har gjort alt etter boka. Behandling i form av sløkking, nedkjøling og stabilt sideleie var i gang. Dei hadde lagt eit svært godt grunnlag å jobba vidare på, fortel han.
Han visste, då dei tok over, at dei ikkje kunne rekna med hjelp frå lufta, sidan skodda var for tjukk.
Les meir om korleis det gikk med Rolf og dei andre, og sjå bilete og video hjå NRK Rogaland

Powered by Labrador CMS