Helse Midt-Norge
Ambulanseselskap i Herøy varslar erstatningskrav på 10,3 mill. kroner
Ambulanseselskapet "Akutt Kompetanse AS" i Herøy har varsla eit krav på 10,3 millionar kroner til Helse Midt-Norge for det dei meiner var eit urettmessig nederlag i ein anbodskonkurranse om ambulansekøyring.

Les også: Ambulanserot koster 50 millioner?
Helse Midt inngår forlik med Akutt Helse SUS
Akutt Kompetanse AS tapte ambulanseanbodet trass i at dei hadde drive med ambulansekøyring i Herøy og Sande i 30 år.
– Helse Midt-Norge klarte å rasere ei bedrift som har vore oppegåande gjennom 30 år. Vi var 1,975 millionar kroner billigare enn dei som fekk kontrakten (Aktiv Omsorg), men tapte likevel, seier Per-Morten Bjørlykke i selskapet til Romsdals Budstikke.