Helse Midt-Norge

- Almlid må halde fram

Styreleiar i Helse Midt-Noreg, Kolbjørn Almlid, må få halde fram, meiner hovudtillitsvald i legeforeininga.

Publisert Sist oppdatert

Styreleiar i Helse Midt-Noreg, Kolbjørn Almlid, må få halde fram, meiner hovudtillitsvald i legeforeininga.

Les heile saka hos NRK: Almlid må halde fram

Dette er saken: Riksrevisjonen med krass kritikk av Helse Midt-Norges anbudshåndtering

Ekspert på styrearbeid: - Må stille sine plasser til disposisjon

Mer om saken: Kall styrelederen inn på teppet!

Etter at Riksrevisjonen la fram den kritiske rapporten om anbodsrot for ambulansane, har fleire antyda at styret i helseføretaket bør bli skifta ut.

- Tydeleg leiar

Hovudtillitsvald Bernd Müller er usamd i alt Kolbjørn Almlid skal gå av. Han meiner Almlid har vore ein dyktig leiar, trass i det som har skjedd i ambulansesaka.

- Styreleiar Kolbjørn Almlid har framstått som ein klar og tydeleg leiar. Eg meiner vi har fått utteljing for dette. Sjå berre på utjamninga av skeivfordelinga mellom helseregionane, seier Müller.

Kraftig kritikk

Denne veka kom Riksrevisjonen med kraftig kritikk av Helse Midt-Noreg i samband med ambulansesaka. Helse Midt-Noreg blei kritisert for utilstrekkeleg organisering, sviktande planlegging, manglande rutinar, manglande kvalitetssikring, og utilstrekkeleg kompetanse i viktige funksjonar i leiinga. Deler av anbodsprosessen kan ha vore utført i strid med lova.

- Ryddigare

I tillegg meiner Müller at prosessane i helseregionen har blitt ryddigare, og at styret opptrer meir audmjukt og er involverte på nye måtar.

- Administrerande direktør Thoresen måtte gå, og det er tilfellet med andre i administrasjonen også. Det har vore konsekvensar for enkelte, seier Müller.

Arbeidsro

Müller håpar no at den nye direktøren får arbeidsro. Han åtvarar mot det han kallar eit "leiarmessig vakum".

- Dersom ein fjernar eit styre, sjølv om det kan vere veldig fristande, risikerer vi at vi berre fell inn i eit leiarmessig vakum. Eg vil dermed åtvare mot det som sikkert mange føler seg frista til å gjere akkurat no. Eg er redd for at det ville vere eit feilgrep, seier Müller.

Powered by Labrador CMS