Fagstoff

Lanserer nødapp til telefonen

Ved å trykke på knappen i ein nødssituasjon blir du automatisk kopla opp mot næraste akuttmedisinske alarmsentral – uansett kor i verda du er.

Publisert Sist oppdatert

Ved å trykke på knappen i ein nødssituasjon blir du automatisk kopla opp mot næraste akuttmedisinske alarmsentral – uansett kor i verda du er,skriv Hallingdølen.

I tillegg blir du lokalisert – og medisinsk informasjon om deg blir formidla til rette vedkomande.

Selskapet Imedi-tracking lanserer den raude alarmknappen, som både kan redde liv og skape mange arbeidsplassar i Hallingdal.

Lanseringa skjer under framtidsmessa, «MIE Village of the Future» i Oslo måndag.

Ideen til oppfinninga fekk Tor Jo Riise Meyer då han sjølv vart alvorleg sjuk i november. Han låg bak i ein ambulanse og fekk ikkje puste.

– Eg låg og høyrde korleis dei prøvde å samle informasjon om meg. Og med surstoff og morfinrus klare eg ikkje gjere greie for meg. Eg skjønte problemstillinga deira om korleis dei skulle finne informasjon. Der og då begynte eg å skrive ned spørsmåla deira, fortel Meyer.

Under det to veker lange sjukehusopphaldet laga han skissa for eit program på mobiltelefonen som kan vere til hjelp for folk i nødssituasjonar og helsepersonell som skal prøve å hjelpe.

Les meir om saka hjå Hallingdølen

Powered by Labrador CMS