Fagforbundet
Nasjonal Paramedic-utdanna må få autorisasjon
Fagforbundet meiner bestemt at personar med Nasjonal Paramedic-utdanning må få autorisasjon som paramedisinarar.
Ved innføring av ny autorisasjon for paramedisinarar som gjeld den treårige bachelor-utdanninga oppstod det ei utfordring: kva med dei som har gått føre og teke nasjonal paramedic-vidareutdanning?
Stortinget gjorde eit såkalla «anmodingsvedtak» samstundes med lovendringa kor dei bad regjeringa om å sjå på ei overgangsordning.
– Det burde vere sjølvsagt at desse folka får innvilga autorisasjon som ei overgangsordning, konstaterer Iren Luther, leiar i yrkesseksjon helse og sosial.
Fagforbundet har hatt kontakt med både helsedirektoratet, som administrerer autorisasjonsordinga, og helse- og omsorgsdepartementet.
– Vi er tydelege på at denne overgangsordninga berre må på plass. Det har vi òg vore fleire gangar når vi har snakka med våre politiske vener i regjeringa, og det kjem vi til å vere framover òg, seier ho.
Luther seier at saka er ein prioritet for forbundet.
– Det er lett å forstå at folka ute er utolmodige med tanke på fristane som ligg i lovvedtaket. Vi kjem til å følgje dette tett òg i tida framover, avsluttar ho.
Les heile saken på Fagforbundet sine nettsider.