Kronikk

Iren Luther, leder for yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Foto: Fagforbundet.

Den vakre ambulansetenesta

Det er noko vakkert med ambulansetenesta. Den er jo eit slags symbol på det sikkerheitsnettet som den norske velferdsstaten er. Me veit at viss noko akutt skulle skje står spesialistar klare til å rykke ut for å hjelpe oss.

Publisert

Dette er en kronikk, og innlegget representerer skribentenes meninger. Hvis du ønsker å sende et debattinnlegg eller en kronikk, kan du sende her.

Baksida av dette er at me òg tek alt dette som ei sjølvfølgje. Ein gløymer kanskje litt at bak dette sikkerheitsnettet står folk som må på jobb, dag og nått heile året, for å sikre oss denne tryggleiken. 

Det gir nemleg oss som samfunn òg eit ansvar, om me skal ha tryggleiken som ambulansetenesta er. Me må ta vare på fagfolka våre. Det handlar sjølvsagt om lønn og arbeidstid, og alt det som me forhandlar om kvart år. Men det handlar òg om meir.

Det handlar om at fagfolka våre skal vere trygge på at når dei øver så vil samfunnet ta vare på dei viss dei skadar seg. Dette burde vere ein sjølvfølgje, og ikkje ein pågåande diskusjon i 2024.

Det handlar om at ein ikkje skal stå åleine utan støtte når ein har opplevd traumatiske situasjonar på jobb.

Det handlar rett og slett om at samfunnet må vere der og støtte opp om dei som er der for oss.

Det er ekstra givande å vere tillitsvald når ein ser handfaste resultat som betyr noko for medlemmane våre. Som når me tidlegare i år endeleg fekk landa overgangsordning til Paramedisinar-autorisasjon etter å ha jobba kontinuerleg med det sidan stortinget vedtok den nye autorisasjonen.

Det er diverre sånn at politiske endringar tek tid, men eg forstår godt at mange av våre medlemmar er utolmodige når det kommer til yrkesskadedekning under øving. Politiet har det, brann får det. At ambulansepersonell då som einaste blålysetat ikkje skal ha det er faktisk heilt uforståeleg.

Vi i Fagforbundet forventar at dette kjem på plass. Det har eigentleg allereie tatt for lang tid, og det er faktisk ikkje eit alternativ å berre fortsetje med dagens ordning. Det kan me ikkje, og vil me ikkje, akseptere.

Til alle som jobbar i ambulansetenesta i Noreg. Gratulerer med ambulansepersoneldagen – og takk. Takk for at dykk går på jobb og tryggjar alle oss andre. 

Fagforbundets jobb er å tryggje dykk. Det er ein jobb me gjer med glede.

Powered by Labrador CMS