Barn

16 ambulansefødslar

Publisert Sist oppdatert
I grisgrende Sogn og Fjordane måtte 16 kvinner føde born i ambulansen i fjoråret, skriv Firdaposten.
Det viser tal frå Helse Førde, som fortel at det vart fødde 1073 barn med heimeadresse Sogn og Fjordane i fjor. Men 138 av dei vart fødde i Volda og 58 på Voss. 877 vart tekne i mot av fylkets eige helseforetak, Helse Førde.
Av dei 877 babyane som kom til verda i Helse Førde, var fire naudfødslar (to på Nordfjord sjukehus, to på Lærdal sjukehus). I tillegg skjedde 16 av fødslane i ambulanse (transportfødslar).
Den spesielle geografien i Sogn og Fjordane, kombinert med omlegginga av fødetenestene, medførte at ein del kvinner i visse deler av fylket fødde på sjukehus utanfor fylkesgrensene.
Les meir om saka hjå Firdaposten
Powered by Labrador CMS