Responstid
Vurderer å kutte ambulansebåt
I samband med opsjon på nytt oppdrag for ambulansebåtane, vurderer Helse Førde å slå saman båtane i Askvoll og Solund på natta.
I samband med opsjon på nytt oppdrag for ambulansebåtane, vurderer Helse Førde å slå saman båtane i Askvoll og Solund på natta, skriv Firda.
Det opplyser ordførar i Askvoll kommune, Aud Kari Steinsland.
- Vi har absolutt ein part i denne saka, og utgangspunktet vårt vil vere å behalde båten slik den er i dag, seier Steinsland.
Ho seier at kommunen er nøgd med dagens ordning.
Tryggleikskjensle
- Om ein felles båt vert innført, vil det ha noko å seie for tryggleikskjensla til dei som bur på øyane. Kor båten skal liggje, må i så tilfelle også diskuterast, fortel ordføraren.