Hopp til hovedinnhold


Ville vera pasient – blei henta av politiet

Ambulansepersonell nekta å utføra taxiteneste.

Ambulansepersonell nekta å utføra taxiteneste, skriv Sunnhordland.

I 12.30-tida laurdag fekk politiet melding om å bistå ambulansepersonell i eit bustadfelt i Sagvåg. Mannskapet hadde problem med ein mann i slutten av 50-åra som i utganspunktet ville vera pasient, men som viste seg å vera ein rusa mann med transportbehov.

– Då ambulansen ikkje ønskte å utføra taxiteneste, la den rusa mannen seg i vegen og nekta å reisa seg, skriv operasjonsleiar Trond Olav Friberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt i loggen.

Les meir om saka hjå Sunnhordland